Dåp

Dåp

Dåp - vegen inn i kyrkja

Det skjer et under i kirken
større enn verden vet. 
Barnet får del i Guds rike,
svøpt i hans kjærlighet. 
(Frå ”Det skjer et under i verden”, Gerd Grønvold Saue, S97 93)
 
Det er dåp. Namna til to små barn i kvite dåpskjolar vert nemnd for første gong i kyrkjerommet. Presten gjer korsteikn og auser vatn over hovudet til dei som vert døypte. I Den norske kyrkja vert dei fleste døypte som spedbarn, ofte i løpet av dei første tre månadene, men det er inga aldersgrense for dåp. Konfirmasjonstida fører kvart år til at mange unge ønskjer dåp. Dei døypte vert automatisk medlemmer i det kyrkjesamfunnet der dei vert døypte. Samstundes vert dei del av ein større fellesskap med alle døypte – den universelle kyrkja.
 
Dåpen har tradisjonar heilt tilbake til urkyrkja. I Noreg står tradisjonen framleis sterkt. I 2008 vart det døypt 42 599 personar. Det gir ein dåpsprosent på 70,4 av årskullet. På dei følgjande sidene (sjå menyen øvst til venstre) er det meir detaljert informasjon om dåp i Den norske kyrkja og praktiske råd til den som skal ha dåp.

Rutiner for dåp i våre menigheter
For å bestille dåp ringer du menighetssekretærene.
 
Lillehammer - 97991324 - tirsdag - fredag 9-15
Søre Ål         - 97991301 - tirsdag, onsdag og fredag 9-15
Nordre Ål      - 97991315 - tirsdag, onsdag og fredag 9-15
Fåberg          - 97991317 - mandag - fredag 9-15
Vingrom        - 97991317 - mandag - fredag 9-15 
Saksumdal   - 97991317 - mandag - fredag 9-15


Del denne artikkel på e-post